Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Spesialpedagogisk hjelp til barn

Også barn som ikkje har begynt på skulen enda kan få hjelp i for eksempel språklege eller sosiale dugleikar. Dette blir kalla spesialpedagogisk hjelp for barn i barnehagealder.

Tenesteomtale

Er du uroleg for at barnet ditt ikkje utviklar seg som det skal? Ditt barn kan få hjelp i si utvikling og læring allereie før det startar på skulen og uavhengig om det går i barnehage eller ikkje.
 
Formålet med spesialpedagogisk hjelp er å gi barn tidleg hjelp og støtte i utvikling og læring av for eksempel språklege og sosiale dugleikar.
 
Barnet ditt kan få spesialpedagogisk hjelp individuelt eller i gruppe. Foreldrerådgivning er ein del av tilbodet.

Målgruppe

Foreldre som er uroleg for utviklinga til barnet sitt eller barnehagen eller helsestasjonen.

Somme grunnar til uro kan vere at barnet

  • Har seinka språkutvikling
  • Har sosiale eller emosjonelle vanskar
  • Ikkje utviklar seg motorisk eller kognitivt som forventa

Lover

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå
Barnehagelova § 31

Barnehageloven
Forskrift om ansvar for spesialpedagogisk hjelp for barn

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Kommunen skal
  • involvere og spørje foreldra før dei tek avgjerder som gjeld barnet
  • vurdere om barnet treng spesialpedagogisk hjelp
  • be PP-tenesta om å gjere ei sakkunnig vurdering dersom foreldra, kommunen eller barnehagen meiner at barnet treng spesialpedagogisk hjelp
  • fatte eit enkeltvedtak som seier om barnet skal få spesialpedagogisk hjelp eller ikkje, og kva hjelpa skal vere
  • gi barnet spesialpedagogisk hjelp slik det er skildra i enkeltvedtaket
  • sørgje for at det blir laga ein skriftleg rapport om den spesialpedagogiske hjelpa og utviklinga til barnet ein gong i året
 
Som forelder kan du
  • krevje at kommunen undersøkjer om barnet deira treng spesialpedagogisk hjelp
  • bli involvert og si ja før kommunen ber PP-tenesta om å utgreie barnet
  • bli involvert og si ja før kommunen fastset at barnet skal få spesialpedagogisk hjelp
  • få ein skriftleg rapport ein gong i året om hjelpa barnet får, og ei vurdering av korleis barnet utviklar seg
  • klage dersom barnet ikkje får spesialpedagogisk hjelp
  • klage på innhaldet, gjennomføringa eller organiseringa av hjelpa

 

Saksbehandling

Dersom det er du som forelder som har ei uro, kan du be kommunen om ei sakkunnig vurdering av barnet, eller du kan be kommunen om spesialpedagogisk hjelp.
 
Dersom det er nokon andre enn foreldra, for eksempel tilsette i barnehagen, som melder uro til kommunen, må kommunen innhente samtykke frå foreldra før dei kan vise barnet til ei sakkunnig vurdering hos PP-tenesta.
 
Kommunen sender så ei tilvising til PP-tenesta.
 
PP-tenesta involverer foreldra og gjer ein utgreiing som blir avslutta med ei tilråding.
 
Kommunen fattar eit enkeltvedtak og sender det til foreldra.

Høve til å klage

Foreldra har rett til å klage, både på avslag og på innhaldet i vedtaket, saksbehandlinga og på manglande oppfylling av enkeltvedtaket. Foreldra skal sende klaga til kommunen. Statsforvaltaren er klageinstans.

Tjenesten oppdatert: 05.10.2021 09:49