Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Kommunal planlegging - medverknad

Når kommunen du bur i planlegg utbygging eller verning, har du som innbyggjar rett til å seie kva du meiner. Kommunen skal sørgje for å få innspel frå innbyggjarane sine.

Tenesteomtale

Du har rett til å uttale deg i saker som gjeld kommunal planlegging. Kommunen skal arbeide for å få størst mogleg offentlegheit og reell medverknad i planarbeidet. Særleg har kommunen eit ansvar for å sørgje for å få innspel frå grupper som krev spesiell tilrettelegging, slik som barn og unge. Tidleg i planprosessen bør kommunen bestemme korleis denne medverknaden skal skje.

Kommunen skal utarbeide desse planane:

  • Kommunal planstrategi (strategiske val knytta til samfunnsutviklinga)
  • Kommuneplan (overordna plan for utvikling av kommunesamfunnet og for bruk og vern av areal i kommunen)
  • Reguleringsplan (arealplankart med avgjerder som fastlegg bruk og vern i bestemte område)

Målgruppe

Alle som blir berørte av dei planane som blir utarbeidde, slik som organisasjonar, brukargrupper, næringsliv og enkeltpersonar.

Samarbeidspartnarar

Planforslag skal alltid leggjast fram for dei offentlige organa som forslaget gjeld, som skal gi nødvendig informasjon som har noko å seie for planarbeidet.

Lover

Sjå spesielt plan- og bygningslova kap. 5 Medvirkning i planleggingen.

Plan- og bygningsloven
Forskrift om konsekvensutredninger
Kart- og planforskriften

Saksbehandling

Forslaget til kommunal planstrategi skal gjerast offentleg minst 30 dagar før behandlinga i kommunestyret. Kommunen skal sende forslag til kommuneplan og reguleringsplan på høyring til statlege, regionale og kommunale organ og til ulike organisasjonar og institusjonar som forslaget har noko å seie for. Minst eitt eksemplar av planforslaget skal vere fysisk lett tilgjengeleg, slik at alle kan setje seg inn i det. Forslaget skal også gjerast tilgjengeleg elektronisk. Det blir gitt ein frist for å uttale seg. 

  • Kommuneplan: Frist for å gi uttale eller fremje innvending til arealdelen i kommuneplanen er minst seks veker
  • Reguleringsplan: Frist for å gi uttale eller fremje innvending er minst seks veker

Innvending kan berre fremjast av offentlege styresmakter.

Høve til å klage

Det er ikkje høve til å klage på planstrategi eller kommuneplan som kommunen har vedteke. Du kan derimot klage på reguleringsplanen som kommunen har vedteke, dersom saka gjeld deg direkte eller dersom planen får følgjer for dine interesser. Klagefristen er tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom vedtaket i kommunen blir ståande, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Tjenesten oppdatert: 09.03.2021 12:17

Tjenester