Er det mange små born som ventar på barnehageplass der du bur? Ønskjer du å starte ein familiebarnehage? Før ein familiebarnehage blir sett i drift, må du ha godkjenning frå kommunen når det gjeld pedagogisk innhald, helse, miljø og tryggleik.
Ein familiebarnehage er ei barnehageform der borna får eit tilbod i private heimar. Han eignar seg best for born under tre år. Du kan anten arbeide der sjølv eller tilsetje ein assistent og pedagogisk rettleiar og sjølv vere ute i arbeid. Du må lage vedtekter for verksemda.