Ønskjer du å starte eller å overta ein frisørsalong, hud- og fotpleiesalong, tatoverings- og hòltakingsverksemd e.l., må du anten få godkjenning av kommunen eller sende ei melding til kommunen. Lokale i tatoverings- og hòltakingsverksemder skal godkjennast. Frisør- og hudpleieverksemder må oppfylle dei same hygienekrava, men treng inga godkjenning, berre melding.
Det blir stilt krav om at dei hygieniske forholda er tilfredsstillande og at verksemda førebyggjer overføring av smittsomme sjukdommar. Verksemda må godkjennast av / meldast til kommunen ved oppstart, ved utviding eller ved vesentlege endringar.
Det er eigne krav til solarium, sjå forskrifta om strålevern.
Ansvarlege for dagleg drift og tilsette med kundekontakt ved solarium må ha bestått ei kunnskapsprøve.